
Viser innlegg med etiketten skuggeheim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skuggeheim. Vis alle innlegg
onsdag 7. april 2010
Eit fælsleg troll
Ein dag. Eg stod der. Eg stod der denne dagen. På kjøkkenet mitt. Eg såg ut vindauget. Mitt eige vindauge, med strimer frå iskaldt vårregn og aldrande fluelort. Eg såg ut på gran og bjørk. Eg såg gammal snø og restar etter ein låve. Og der, midt i skauen, såg eg eit fælsleg troll. Eit digert, fælsleg troll glodde rett på meg. Han hadde open munn og sinte auger. Han var så fælsleg og diger at eg kvapp. Han ville meg vondt. Eg såg at han ropte, men eg høyrde ikke kva. Eg trur han ropte at eg er ein dritt. At eg fortjener å døy, og at han planlegg å ete meg levande. No tør eg ikkje gå ut. Tungsinn over skuggeheimen.

Abonner på:
Innlegg (Atom)